Få sensasjonar på Vellesætra trimpost
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Jul 2017
Alle som har budd i Velledalen ei stund, veit at namnet Torhild Skogvold og Vellesætra trimpost mest høyrer saman. Det osar kvalitet av Torhild Skogvold på denne posten – topp-3 kvart einaste år. Det same kan seiast om Arnhild Linga. Alltid høgt oppe på denne posten - og samanlagt. Elles synest Alf Petter Bøe og Geir Olav Drabløs nokså trygge på ei topp-5 plassering, medan Anita Hjorthol har siste plassen INNE i varmen. Men bak henne kjem dei tett som hagl, så siste ord er langt frå sagt.
VIL sin meldar var på Vellesætra trimpost tysdag 18. juli klokka 10.40. Her er stoda:
97 turar: Torhild Skogvold
65 turar: Arnhild Linga
55 turar: Alf Petter Bøe
50 turar: Geir Olav Drabløs
28 turar: Anita Hjorthol
………………………………………………………
Like ved:
21 turar: Harald Bakken
19 turar: Anette Akselvoll Lade
16 turar: Anne Marte Skotheim
15 turar: Frode Værøy
Turen til Vellesætra frå Brunstad kan best skildrast som ein lang, samanhangande motbakke. Nils Terje Skylstad gir deg 7 poeng for turen. Mange kombinerer med overgang til Brunstadsætra og trimposten der. Rundturen Brunstad – Vellesætra – Brunstadsætra – Brunstad gir 11 poeng i banken. God Tur!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024