Rapport frå ein ultraløp-debutant.
Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Jul 2017
Då Jan Rakottyai kom heim
til Sykkylven sette han seg ned og sende nokre ord til VIL-Nett. Ord om det han
sjølv omtalar som «ei fantastisk fjelløp-helg i Hornindal». Aktørar i
skildringa er han sjølv og Radka Vosicka. Begge ganske ferske som løparar - Radka starta våren 2016, Jan våren 2017, med debut i Konradløpet 1.mai.
Jan startar med desse orda:
- Eit løp eg skal
huske heile livet. Aldri før har eg vore med på noko så krevjande…. I
utgangspunktet var vi påmelde på 75 km, utan å vite kva det innebar.
- Men for eigen del
måtte eg etter kvar sjå verklegheita i augo; dette var eg ikkje sterk nok til å
fullføre.
Frå løpet skriv Jan mellom
anna:
- Det starta i
skikkeleg ruskevêr, men det spela ikkje stor rolle, då vi visste vi vart våte
og sveitte ute i skogen uansett. Opninga gjekk i fint tempo, ca 6 min på fyrste
kilometer, og slik jogga vi fyrste 3 km. Fyrste bratte stigning kom etter 5 km
og då gjekk det sjølvsagt saktare, men framleis godt tempo, og når eg såg
mellomtider var vi ca rundt plass nr 60 totalt. Løypa var krevjande med masse
gjørme og glatt stein.
Og verre skulle det bli.
Jan skriv vidare:
- Skikkeleg bratt
vart det på veg opp Gulekoppen, med masse snø, tåke og kulde. Skoa vart fulle
av snø, og det tok litt tid før beina vart varme igjen. Men det gjekk framleis
bra, vi heldt godt driv og forma var OK.
Etter kring 30 km byrja
problema melde seg:
- Dei fyrste 25
kilometerane gjekk betre enn venta. Når vi nærma oss 30 km, på veg frå
Sandgrova til Muldsvorhornet, ei strekning på 2 km med ca 400 meter stigning,
då møtte eg «veggen». Det kom så brått på – plutseleg var eg tom for energi.
Radka greidde fint å halde tempoet, men eg måtte sette ned farta og ta fleire
pausar. Mange løparar passerte og eg brukte 33 minutt på 1 km.
No var gode råd dyre for
Jan:
- Eg tenkte at eg
når igjen Radka på veg ned frå fjellet, men det hadde eg ikkje klart om ho
ikkje venta på meg. Heldigvis dukka energien opp igjen, og det vart litt
jogging mot Horndøla Bru. Der bestemte vi oss for å avslutte.
Jan vedgår at det var med
blanda kjensler han måtte stoppe etter 38 km denne gongen, men han er langt frå
ein slagen mann:
- Sjølv om planen
var å ta heile distansen på 75 km, og eg var skuffa når eg skjøna at eg ikkje
greidde det denne gongen, er eg veldig glad for det vi greidde under dei 38 km
vi fullførte. Vi var der, vi testa forma, og personleg har eg lært masse om kva
eg greier og kvar grensene mine går. Vi tek med oss nye erfaringar, slik at vi
kan bygge opp betre form til nye løp og utfordringar.
Vil Jan prøve dette igjen,
trur du…? Om den saka seier han:
- Det kjem ny
mulegheit neste år den 7.juli, og vi skal vere der på jakt etter betre tid på
38 km fjelløp – eller kanskje prøve oss på 75 km terreng-ultraløp.
Radka brukte 7.36.16. Jan
kom inn sekundet bak.
Takk for rapporten, Jan!
Og VIL-Nett ynskjer to av
sine ferskaste medlemar – frå Tsjekkia og Slovakia – ein retteleg GOD SOMMAR
!!. Vi set umåteleg pris på slike medlemar som representerer laget på ein verdig
og flott måte, og som etterpå legg arbeid i å dele erfaringane sine med andre. I
så måte kan de stå som rollemodellar for mange andre. Lukke til vidare!
Atle
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024