60 deltakarar i årets Tomasløp
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Jun 2017
I 2016 vart ikkje
Tomasløpet (tidlegare Opp på Bruna) arrangert, men i 2017 hadde løpet godt over
70 deltakarar i konkurranse og mosjon til saman. Trass gode forhold (i alle
fall utan regn) ein nedgang på drygt 15 prosent. Det kan ikkje arrangøren – VIL
langrenn og friidrett – vere heilt nøgde med.
Klassseinndelinga er
damer, herrar, gutar under 16 år og jenter under 16 år. Herreklassa var størst
med elleve utøvarar på tid. Damene hadde fire. Dei to klassene under 16 år er
dyster lesnad, med berre to utøvarar tilsamen (Nakken-tvillingane) for jenter
og gutar.
Per Inge Bjørnestad gjorde
unna løypa på 19.35. Og merk folkens, denne utøvaren i siste halvdel av 40-åra
var 52 sekund raskare i 2017 enn i 2015. Robert Sogge (19.57) og Espen Strøm
Grebstad (20.00) var dei einaste som kunne gi Bjørnestad kvalifisert pes denne
gongen. Somme vil sikkert meine at det er eit tankekors at fotballtrenar Sogge
garantert er sprekare enn «disiplane» sine
– diverre så er det eit faktum.
Espen Strøm Grebstad (17) vart beste
utøvar frå Velledalen IL, og tida 20.00 var 26 sekund raskare enn tida han vann
med i 2015. Bra at bygda også fostrar spreke ungdomar på løpssida!
Nest beste VIL-utøvar var
leiar i langrennsgruppa, Svein Arne Nakken. Han har siste året fått betalt for
meir løpstrening, og bør seie seg nøgd med 22.14, som gav fjerde plass totalt.
Gyls-Svein hadde nemleg 22.51 i 2015 og 22.23 i 2014, og har faktisk større
avstand tilbake til eige avkom no, enn for tre år sidan. Sivert og Andreas var
åleine om å stille i konkurranse under 16 år denne gongen. Med 26.56 for Sivert,
og 27.32 for Andreas som resultat.
Elles er vi fulle av
beundring for Jan Rakottyai, fersk VIL-medlem frå Slovakia. Dagen etter han
sprang halvmaraton i Ørsta Fjellmaraton, mønstra han på Tomasløpet, med 24.29
som resultat. Det vitnar både om disiplin og viljestyrke.
Olaf Einar Øien var uheldig og sprang litt
feil, men kom likevel inn på 33.29. Prøv den når du har passert 74 år!
Marianne Fløttum vann i 2015 på 25.18, og vann i 2017 på 25.01, så her
går det framover. Men sterke Gry Bakke Payling var ikkje langt bak med 25.22.
Nancy Eggen er ingen ungdom lenger, men leverte likevel fine 28.18 i 50+. Og
til slutt nemner vi løparen med størst framgang; Kamilla Høybakk.
I 2015 brukte ho 32.14 på turen, sundag gjorde
fotballspelaren i FKS motbakkeløpet unna på 30.02. Sjølv om ho neppe fekk
ekstra-premie for dette, skal ho i alle fall ha ein fortent dose verbal ros.
Langt fleire fotballspelarar burde av og til gjort som damespelar Kamilla og
trenar Robert!
Mosjonsklassa samla 43
utøvarar – eit tal som bør doblast ved neste korsveg.
Resultatlista finn du her
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024