Fire Ess på tre veker
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Mai 2017
Ove Skylstad og hjelparane
hans i Velledalen IL har lagt ein travel periode bak seg. Laget har kome styrka
ut etter fleire tunge arrangement. VIL-Nett meiner laget har levert fire Ess i
løpet av tre veker.
Ess nr.1:
MiniKonrad 30. april.
Nedjustert deltakartal til
137, er det nest høgaste i løpet av 11 arrangement-år. Flytta til ny arena på
Dalemyra. Gav klart betre logistikk, meir høvelege løyper og raskare
arrangement-avvikling. Gjennomført til klart godkjend karakter med «nedpint»
stab.
Ess nr.2:
Konradløpet 1.mai.
339 påmelde, av desse 108
debutantar. Mellom det høgaste deltakartalet vi har hatt i løpet av 16 år, noko
som klart kom til syne ved frukostbordet. Arrangert etter tradisjonelle
prinsipp i hovudsak med funksjonærar ein veit kan jobben. «Nedpint» stab. Godt
vêr ved begge Konradløpa.
Ess nr.3:
Holmenkollstafetten 13. mai.
Ny bestetid i moderne tid
med 1.03.46. Det gav 27.plass i klasse A1 (miksa lag med fleirtal menn) av i
alt 1427 fullførande lag. Deltakinga er muleg fordi den velfungerande
Osloavdelinga vår skaffar løparar av høg kvalitet til laget. Her bidrog Sverre
Gunnar, Njål, Hilde og Roger. Utanom desse takkar vi Jens Christian, Selma,
Ellen og Anders for sportsleg innsats. Som fastbuande i Sykkylven hadde vi
denne gongen med Ole-Peder, Per Inge og friidrettsleiar Alf Petter.
Ess nr.4:
O-KM mellomdistanse Myrdalen
111 år etter Velledalen IL
vart stifta, kunne laget den 21.mai 2017 arrangere sitt fyrste skikkelege
orienteringsløp. Etter heilt nytt kart over området Holenakken, i nært
samarbeid med Emblem IL. Diverre var
vêret middels minus, men 85 løparar gjekk til verket med liv og lyst.
Deltakartalet er det høgaste i eit KM etter 2000 års skiftet. Velledalen IL si
O-gruppe hadde fantastiske 34 påmelde – kring 30 deltok. I tillegg ein stor
funksjonærstab.
PS.
To
personar – og heller ikkje meir enn to – har vore med på alle fire essa, anten
som deltakar eller funksjonær. Det er
Hilde
Riksheim Tandstad og Alf Petter Bøe. Reknar med priskomiteen for
Idrettsgallaen har notert seg dette bak øyret.
Men det viktigaste; Velledalen IL har vist
at dei KAN når dei må, og samla har enormt mange vore i sving for å drage i
hamn dei fire essa.
PÅ VEGNE AV LAGET TAKKAR
VI ALLE!!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024