Vellukka O-KM mellomdistanse på Myrdalen

Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Mai 2017

Velledalen IL har ei fersk
O-gruppe. Ei gruppe som har gjort utruleg mykje etter at Pernille kom til VIL-styret
og melde seg til innsats. Kurs, treningar, løp, kartarbeid – haugen på av
arbeid. Og merk; vi snakkar om småbornsforeldre!

Eit KM i orientering kunne
ikkje laget vårt arrangert utan Emblem IL si hjelp. Så enkelt er det. Men at
gruppa skulle klare mobilisere over 30 frå laget til start i tillegg til
funksjonærane, er det mest imponerande. At laurdagsvêret svikta oss var eit
vonbrot. Men det hadde klubbmeteorolog Holmberg meldt alt i starten av februar.
Dermed traff han blink på langtidsvarselet både for Fjellsæterrunden,
Konradløpa og KM orientering. Kanskje var det samvitet som plaga han, for etter
han viste seg på Myrdalen letta vêret!

Men O-gruppa vår gjorde
ikkje berre ein administrativ jobb. Dei heiv seg med på den sportslege biten
med gode resultat. Merete vann D 17 C, Pernille
vart nr 2 i D 21 og Bernt Are flott 3.plass i H 17 C. Janne og mannen Tormod
flytta seg opp i tøffare klasse og sprang lengste løypene (det same gjorde Emma
Holmberg i D 17-20). For dei som ikkje veit det er Janne (Tomtum) dama som
trimmar kroppane til eit godt knippe personar innandørs i Velledalen grendahus.
Ho er lege av yrke, og kan om ho vil kalle seg klubblege – på line med
meteorologen.

Kartteiknaren, Gunnar
Gytri frå Førde, var på plass og vann klasse H 60. Alt i alt var det 85
startande på Myrdalen – det største KM-arrangementet i Møre og Romsdal på denne
sida av år 2000.


Malene Sylte frå Molde og
Omegn IF var her – som deltakar i klasse D 80. Ho er bestemor til Olav Lundanes,
mange gonger verdsmeister i orientering. Mor (Marit) og far (Lars Roger) til
same Lundanes var her som deltakarar.
Søstrene Kristin og Ingrid var her og broren Ivar. Alle i den familien er esla
til å drive orientering, er det likt til. Det er nesten så du – kjære lesar - bør ta deg ein tur til Myrdalen for å trø i spora til nokon som kan faget.

Kos dykk med resultatlista
seier vi, og sluttar med ei lita historie frå parkeringsavdelinga. Ove Skylstad
stod ved vegen bort til Myrdalsstølen, og snakka med bilane som ville parkere.


 -  O-løp, spurde Ove


 -  Ja!


 -  Køyr opp i
svingen og parker der!

Same prosedyre for bil nummer to i rekka. Så kom bil nummer tre med eit
eldre ektepar. Bilvindauget vart sveiva ned og Ove spurde:


 -  O-løp?


 -  Loen, vart det
svara frå innsida


 -  He,he! Du er i
alle fall på rett veg, sa ein humrande VIL-leiar!

Takk til alle som deltok,
takk til alle som var funksjonærar og takk til Emblem IL