Historisk dag med rekordstort KM på Myrdalen

Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Mai 2017

Hatten av for O-gruppa i
Velledalen IL, folkens!

Rett nok er dette eit
arrangement i samarbeid med Emblem IL, men vi kan ikkje bli anna enn mektig
imponert over den mobiliseringa gruppa har gjort. At Velledalen IL i tillegg
til mange funksjonærar hittil har stabla på beina 32 aktive, er kort og godt
ikkje til å tru.

Her er oversikt over deltakande klubbar torsdag 18.mai
klokka 22.30:

32 delt: Velledalen IL

27 delt: Emblem IL

7 delt: Molde

1 delt: Førde

1 delt: Kongsberg

Ekstra kjekt er det at
kartteiknaren, Gunnar Gytri frå Førde, har meldt seg på i klassa for herrar
over 60 år. Mannen bak Holenakken-kartet burde kjenne terrenget rimeleg bra.

Den langvegsfarande
gjesten frå Kongsberg er som før meldt Roger Vanebo, som vil ha ein kort og
intensiv treningsleir i selet til Kallen/Ingrid like før løpet. Lukke til
Roger!

Emblem IL kjem som vi ser
med ein fyldig tropp. Der Velledalen IL stort sett stiller med nybyrjarar med
friskt pågangsmot, må vi med respekt å melde vedgå at det er Emblem IL som
stiller med dei sunnmørske kvalitetsløparane. Men nybyrjarar har faktisk alle
vore – på eit eller anna tidspunkt

Og siste melding fortel at
ein sveitsisk landslagsløpar stiller til start.

Gå ikkje glipp av dette!
Det vert ein historisk dag for Velledalen IL på Myrdalen sundag 21. mai. Laget
er 111 år, men har aldri tidlegare arrangert eit skikkeleg O-løp. Sundag skjer
det!

PS: Vi minner alle
løparane våre at dei må vere klar på samlingsplass for informasjon, seinast
klokka 12.30