Konradløpshelga vart suksess - 500 deltok
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Mai 2017
Klubbmeteorologen lova
godvêr for tre veker sidan og heldt lovnaden. 339 hadde meldt seg på, medan vi
i skrivande stund ikkje har talet på dei som forsov seg. Sett med VIL-auge vart
dagen særdeles god. Pernille Ibsen Lervåg kom på pallen etter tredjeplass på
tida 18.23, medan Hilde Riksheim Tandstad dokumenterte solid form med 18.52 som
fjerde beste kvinne. At mange hadde utstyrt i dei nye VIL-kleda sette ein ekstra
spiss på helga.
Elles gratulerer vi Espen Strøm Grebstad
med ny personleg rekord og pallplass på herresida. Stor ros for glimrande løp
til veteranen Per Inge Bjørnestad og ungguten Jakob Indrebø Halvorsen. Tre
sykkylvingar mellom dei fem beste var framifrå –rett nok på ein dag der dei
fire beste frå 2016 var «permiterte»
Gratulerer til Kjellaug
Ulset som sette ny aldersrekord for kvinner i Konradløpet. Ho er den fyrste
89-åringen som fullfører. Neste år er det gratis for deg Kjellaug – spelar helsa
på lag vert du fyrste kvinne over 90 år! I tillegg til Kjellaug, kunne folk
ikkje anna enn la seg imponere over superveteranane Paul Hole (f. 1929) og
Harald Relling (f. 1927).
- Eg har gjort
forbetringar på utstyrssida og kjenner med sprekare enn på lenge, kunne Harald
fortelje før start. Og tida 36.25 for ein 90-åring er rett og slett
beundringsverdig.
I tillegg deltok John
Holmberg, Magnhild Hole og Magnus Ødegård over 80 år. Alle «local lads» som vi
er stolte av.
Velledalen IL spanderte
gratis start på nyinnflytta Stijn De Smedt, utdelt på Idrettsgallaen for nokre
månader sidan. Ei lita premiering fordi Stijn på eige initiativ hadde meldt seg
på og fullført Alperitte på sykkel. Stijn gjorde ikkje skam på «premien» og kom
inn på fine 19.36 – ein høgst respektabel belgisk rekord. Ros også til polakkane
som er i særklasse størst på deltakarsida utanom kongeriket Noreg.
Konradløpet 2017 samla 108
debutantar melder statistikkførar Lars Inge Sæther. Eit høgt, og gledeleg tal.
Mange frivillege har vore i aksjon. Næringslivet har støtta med premiar.Og
friidrettsleiaren brenn etter å takke:
- Takk til alle som
var med og spreidde glede denne fantastiske helga, seier AP Bøe, som sjølv
måtte vere tilskodar til hovudløpet grunna skade..
- Det er så kjekt å
kome hit, alle er så glade, sa 90-åringen Relling frå scenekanten til ein
fullsett sal.
Ver venleg å meld frå om
de finn feil i resultatlista eller i Konradløpet sine statistikkar
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024