Langtidsvarsel om påskevêret 2017
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Mar 2017
Under
det omframe årsmøtet i VIL gav avtroppande leiar, som ei av sine siste
oppmodingar som leiar, klubbmeteorologen i oppdrag å kome med ei utgreiing om
Påskeveret. Vanlegvis vil klubbmeteorologen ha eit par veker til å grunne
på veret før han kjem med sine spådommar. Dette vert difor
hastverksarbeid.
Påskeveret
brukar å vere svært skiftande, med både sol, regn og snø. Slik også i
år. Vår gode granne Knut-Edvard minte meg her eine dagen på at for ca. 30
år sidan målte han over ein meter snø attom nova si ei Påske. Slik vert
det ikkje i år.
Det
ser ut for at Palmehelga vert solrik med godt ver og lite vind, og fine
temperaturar på dagen. Utover i Påskeveka vert det truleg ein god del
nedbør, stort sett i form av regn. Kor langt ned snøgrensa kjem, er ikkje
godt å seie, men det kan kvite på i slutten av veka, men mykje snø vert det i
alle høve ikkje i låglandet. 1. og 2. Påskedag kan det sjå ut for at det
letnar og vert noko sol. På årsmøtet lurte Hol-Elling på om han måtte
bere skiene langt når han skulle på Ausekaret i Påska. Til det er svaret
ja, men Langfredag kan han kanskje spenne dei på seg ned ved skiftet.
Vyrdsamt
Per-Gunnar
Holmberg, klubbmeteorolog i VIL
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024