Tre topp-plasseringar i Ålesund

Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Feb 2017

arkivfoto
Under gode forhold vart
fjerde løpet i Ålesund Vinterkarusell arrangert laurdag 11.februar. Her kjem ei
lita oversikt over korleis det gjekk med våre.

Friidrettsleiar, Alf
Petter Bøe, har trena godt og vore skadefri denne vinteren. Det har betalt seg
i form av resultat. Laurdag vart det plass nummer 1 i klasse 50-54 år. Og tida
37.26 på 10 km er brillefin.

Så til superveteran Olaf
Einar Øien. Han leverte 56.15 på mila i klasse 70-74 år, Dermed nok ein siger
på eit langt «rulleblad».

I Ålesund Vinterkarusell
er distansen valfri – 5 eller 10 km. Svein Arne Nakken sprang fem kilometer i
klasse M 50-54. Klokka stoppa på 21.53 for Svein – best i klassa.

I klasse M 14-15 år deltok
tvillingane Sivert og Andreas Mosby Nakken. Sivert var uheldig denne gongen - eit overtrakk gjorde at han aldri nådde mållina denne laurdagen. Andreas var i
godt slag, og kom inn på 23.35. Nest best i klassa.

Elles lettar vi på hatten
for superspreke Anea Aslaksen frå Stranda. Som sprang fem kilometer på 21.55, som
vil seie ei tid på 19-talet i Konradløpet. Ho høyrer til i klasse J 10 år.

Det høyrer med til soga at
Jan Ketil Vinnes var raskast på 10 km, Kristian Nedregård på fem. Løpet samla
totalt 39 utøvarar.