13.januar er Bjørn Asle Lade sin dag!
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Jan 2017
Han fyller 59 år i dag,
Bjørn Asle Lade. Kanskje ein knallhard dag på jobb sidan snøen lavar ned. Neste
år fyller han 60 år. Då er det snakk om jubileum.
Men «Brua-Bjørn», som han
heitte mellom kameratar i barndomen, har eit jubileum lenge før den tid.
Faktisk om få dagar, nærare bestemt den 22.januar. Vi snakkar om eit 50 års
jubileum.
Høyr berre her:
Velledalen IL hadde starta opp med barneidrett i 1965. Av vintersport var det
stor aktivitet i hopp, alpint og langrenn. 22.januar 1967 arrangerte Velledalen
IL KM i langrenn. Start og mål like ved Helge Lødøen sitt hus i Holemarka.
Denne dagen tok Bjørn Asle Lade sin fyrste KM-tittel i langrenn – på heimebane.
Den fyrste av i alt åtte individuelle. Han vann kvart år til han var 15.
Velledalen IL vann tre KM-titlar denne dagen.
Naturleg nok – og med god grunn – var Karl B. Lade
ein stolt «Langrennsboss». Jubileumsdagen i 2017 vert på ein sundag, akkurat
slik det var i 1967.
Dagen før stod i hoppsporten sitt teikn, då
med områderenn i hopp, i bakkane som i dag vert brukt som beite av gardbrukar
Oddvar Hole. Han tok forresten ein flott 6.plass i langrenns-KM for snart 50 år
sidan.
KM-arrangementet for 50 år
sidan den 22. januar vil få stor spalteplass når jubilumsdagen nærmar seg.
I dag nøyer vi oss med eit 3X3 HURRA for
Bjørn Asle Lade!!
PS. Om somme ikkje får
matematikken i denne saka til å gå opp, har det si naturlege forklaring. Bjørn
vert 59 år i dag, men gjekk likevel i klasse gutar 8 åri 1967. Fordi det var
alderen ved årsskiftet som talde. Ved årsskiftet 66/67 var Bjørn 8 år. At han
vart ni år før rennet, var uvesentleg.
I dag er reglane på dette feltet endra. I
dag kårar ein heller ikkje KM-vinnarar under 12 år.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024