Påmeldinga til Konradløpet 2017 i gang

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Jan 2017

Konradløpet har funne sin
plass. Både mellom mosjonistar og konkurranseløparar. Frå dei som ikkje ofrar
eigen tidsbruk ein tanke, til dei som fylgjer med på eiga tid og puls frå fyrste
fråspark. Og det er slik vi vil ha det. Kvar deltakar får ta seg rundt løype
som ein ynskjer. Fort eller sakte spelar inga rolle for arrangøren.

Konradløpet har vorte
internasjonalt. Ingen tvil om det. Hittil er det registrert deltakarar frå
langt over 20 nasjonar. I 2017 vil ein debutant frå Belgia, Stijn De Smedt,
springe med startnummer 1. Mateusz Balon frå Polen vil ha startnummer 2. Dette
veit vi fordi dei to var raskaste ute med påmeldinga.

Mangfaldet mellom
deltakarane i Konradløpet 2016 kom klart til uttrykk gjennom den tidtakinga som
funksjonærane gjer av kring 1/3 av løparane. Ikkje mindre enn seks nasjonale rekordar
– med stor spennvidde – fekk vi.

Her er dei nasjonale rekordane sette i 2016:


 ·
  

 Eritrea-rekord av
Ebrahim Abdulaziz, tid: 13.30


 ·
  

 Litauen-rekord av Jonas Siurskas, tid: 17.02


 ·
  

 Danmark-rekord av Pernille Ibsen Lervåg, tid: 18.13


 ·
  

 Polen-rekord av Mateusz Wojcieh Oskiewicz, tid: 19.03


 ·
  

 Jamaica-rekord av Sharon Svedgård, tid: 20.15


 ·
  

 Syria-rekord av Mehyar Zarzar, tid: 24.09

Eit pussig samantreff. Mehyar Zarzar sin Syria-rekord er identisk med
Chris Aggerholm sin amerikanske rekord, begge 24.09. At det er svenskane som
har den svakaste nasjonale rekorden viser at nasjonen er nede i ein bølgedal - i alle fall i Konradløpet!

Påmelding her