Bjørnestad og Bøe med «Årets parløp»

Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Des 2016

Det dreier seg ikkje om
kunstløp, sjølv om vi brukar nemninga «Årets parløp». Men parløp var det, og
her kjem grunngjevinga:

Nær 100 løparar av begge
kjønn, og med eit spenn i alder frå under 14 år til Karstein Sørland på 87 år.
Mellom desse Olaf Einar Øien og Per Inge Bjørnestad som representerte
Velledalen IL + friidrettsleiaren i Velledalen IL, Alf Petter Bøe, som
representerer «stormakta» Rindal IL.

Olaf Einar Øien (73) kom
inn på fine 2.10.57 i ganske stri vind, ifylgje EQ-timing som sytte for
tidtakinga. Det heldt til andreplass i klasse 70-74 år. Mindre bles det ikkje
på dei to B-ane, Bjørnestad og Bøe i klasse 45-49 år. I fyrste halvdel av løpet
heldt dei fylgje med Gunnar Emblem, Hakallestranda, og dei hadde berre tre
løparar føre seg. Emblem måtte sleppe, medan Bøe og Bjørnestad heldt fylgje til
«the bitter end». Dei gjekk likt over mål, fekk premie for delt 1.plass i klasse
45-49 år (delt 4.plass totalt), medan eq-timing har smelt ut ei resultatliste
som seier Bjørnestad vann på 1.24.59 mot Bøe sine 1.25.03 på 2. plass i 45-49
år.

Siste ord er kanskje ikkje
sagt i denne saka. Uansett, vi gratulerer trioen med flott innsats, og herrane
BØE/BJØRNESTAD med «Årets Parløp» gjennom drygt 21 kilometer. Ein skal ikkje
sjå vekk frå at samarbeidet vert verdsett så høgt at det kan gje pris under
laget sin Idrettsgalla fredag 6.januar 2017.

Are Uran, Havørn IL, hadde
beste maratontid på 3.20.05 og glimrande 3.27.23 på Linda Hovde, dotter til
Birgit og Harry på Stranda.

Vi kjem tilbake med meir tider når vi er sikre på at tidene er
edruelege.