Utstyrssponsa av Hardhaus
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Des 2016
Skal ein delta i
randonee-NM må han ha utstyret i orden. Skal ein ha håp om ei topp-10
plassering der, nyttar det ikkje kome med eit B-prega utstyr.
Kjell Magnar har utstyret
på stell. Både med nye ski og sko. Og det høyrer med til soga at skorne er
langt dyrare enn skiene. Utan å gå i deltalj kan vi røpe at totalsummen er
temmeleg høg. Men takka vere tung sponsing og god service frå firmaet Hardhaus,
vart investeringa overkomeleg for Kjell Magnar. Og slikt kan vi med godt samvit
nemne på nettsida til VIL.
I mars får vi svaret på
kva «guten» og utstyret er gode for.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024