Velkomen til arrangement med tradisjon 2. juledag
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Des 2016
arkivfoto
Vi reknar med at alt går
etter planen denne gongen, som betyr Romjulsmarsj nummer 37 i Velledalen.
Fyrste gong arrangert i 1979. Opphald eitt einaste år grunna orkan og
straumbrot.
Romjulsmarsjen er i fyrste
rekkje eit sosialt arrangement. Her treff du alltid personar som ikkje er eit
daglegdags syn i heimbygda, men som har feira jul i barndomenes dal.
Registrering i Velledalen grendahus i tidsrommet 11.00-13.00. Kvar ein går er
ikkje det viktigaste, berre ein røyver på seg. Det kan vere «Hjortdalsrunden»,
om Brunstad og Hole, eller strekninga
Straumgjerde-Velledalen.
I grendahuset plar ramma
vere på stell. Trimgruppa syter for registrering og fin servering for ein
rimeleg penge. Dei trekkjer òg nokre premiar frå dei ulike trimbøkene, premiar
som ikkje har noko som helst med stort frammøte på postane å gjere.
På det meste samla
Romjulsmarsjen i Velledalen kring 230 deltakarar. Siste åra har talet vore
under 100. I 2016 er det på tide at vi i alle høve passerer 100.
Velledalen IL, trimgruppa, ynskjer ALLE
hjarteleg velkomne.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024