Utfordringane i kø for Kjell Magnar Berli

    Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Des 2016

    Kjell magnar kosae swg i rygg på Andre Haugsbø
    Året 2016 er snart over,
    og det har vore stille kring VIL sin beste utøvar, Kjell Magnar Berli. Stille
    lenge. Heilt sidan Stranda Fjord Trial Race, der han kom på pallen og fekk fin,
    firesifra sum i pengepremie. Det meste Kjell Magnar «tok i» av konkurransar i
    2016 gjekk godt, ofte med saftige personlege rekordar som resultat. VIL-Nett
    har hatt ein juleprat med Kjell Magnar, der vi prata om sesongen 2016 som no er
    historie, og året som kjem, 2017.


     -  Korleis vil du skildre 2016-sesongen?


     -  Det er vel den
    beste eg har hatt. Ikkje heldig med alt, rett nok. Litt for glatte ski i
    Birkebeinerrennet, og eg er heller ikkje supernøgd med prestasjonane i vanlege
    motbakkeløp som Saudehornet i Ørsta og Mefjellet i Norddal.

    Nest best i
    Konradløpet

     -


     Kvifor
    gjekk det så bra akkurat i 2016?

     -

     Eg fekk trena godt om vinteren. Gjekk tre
    turlangrenn, mellom dei Fjellsæterrunden og Birkebeinerrennet. Men mesteparten
    av treninga var randonee, som gjorde med uthaldande og sterk. Eg hadde ikkje
    mykje løpstrening då eg 1.mai vart nummer to i Konradløpet på 15.09 (ny pers).

    Debuterte på
    halvmaraton

    Så var Kjell Magnar i Oslo, og gjorde som vanleg ein
    sterk etappe for Velledalen IL sitt lag i Holmenkollstafetten. Han hadde lenge
    gått med tankar om å prøve seg i heil- eller halv maraton, og mai 2016 vart
    året der han debuterte i Ålesund halvmaraton.

     -

     Og det løpet sat?

     -

     Ja, det meiner eg var ein bra prestasjon. Tida
    vart 1.17.33, etter at eg hengde meg på beste kvinne i starten og sprang åleine
    over halvparten av distansen.

    Sjølv om Kjell Magnar ikkje nemner det sjølv, gjer vi
    det; han vart beste herreløpar i Ålesund halvmaraton.

    Knallsterk i
    Geiranger

    I juni var han mellom kring 200 i Nibbeløpet i Geiranger,
    der også Ole Peder Holmberg gjorde ein debut det vart lagt merke til. Med tida
    1.45.14 vart Kjell Magnar berre slegen av Vegard Øie frå Løten. Dermed rann nye
    3000 kroner inn på kontoen hans.

     -

     Du var berre fem sekund bak Sverre Gunnar
    Brunstad sin sykkylvsrekord.

     -

     Akkurat det var litt irriterande. Faktisk var eg
    sjuk siste dagane før løpet med sår hals og «trong» pust, så det var uvisst til
    det siste om eg kunne stille. Tida til Sverre Gunnar for vere målet ved neste
    korsveg.

    6.plass i NM
    ultraløp.

    I juli gjekk vegen til Hornindal og Hornindal Rundt. I
    2016 NM i ultraløp, med ein distanse på 75 kilometer, 5600 høgdemeter etter å
    ha vore innom 20 fjellpostar. Kjell Magnar vart nummer to i seniorklassa og
    nummer seks totalt på tida 10.31.05. Ein prestasjon som vart lagt merke til.

     -

     Var dette årsbeste i 2016, Kjell Magnar?

     -

     Ja, det vil eg seie. Men pussig nok kjendest det
    som eg hadde meir å gå på. Til sommaren må målet vere å kome under ti timar.

    Pallplass på
    Stranda

    I august var det Stranda Fjord Trail Race nesten på
    heimebane. Vår mann var lenge saman med Andre Haugsbø, ein gjennomtrena kar med
    ein haug premieplassering mellom anna frå ulike ski-NM. Men mot slutten vart
    Kjell Magnar for sterk, sikra seg 3.plassen totalt på tida 4.26.22 – nær tolv minutt betre enn året før.

     -

     Du tok lærdom av året før?

     -

     He he. Då gjekk eg næringstom. Såg forresten på
    splittidene etter løpet at eg var best i eit av nedoverpartia. Faktisk er dette
    med springing i nedoverbakkar noko eg trenar på

    God
    treningsperiode

    Kjell Magnar har aldri vore redd for å trene. I 2016 har
    han mellom anna trena ein del saman med Knut Anders Hatlen. Han nemner nokre
    sugande titimar-turar i Tafjordfjella, og felles rulleskitur like etter
    Saudehornet Rett Opp. Siste tida (etter 1. november), har han hatt mange og
    lange ski-økter der han har gått på føtene opp i høgde til han har funne snøen.
    Ofte tørr snø, og slik har han fått drive intervaltrening i 900 meters høgde. I
    desember har studenten teke det litt rolegare på grunn av eksamenar.

    Kneskade

    Kjell Magnar veit det meste om sjukdom. No er helsa god,
    men han har litt problem med høgre kne.

     -

     Det starta med eit skikkeleg fall under nedover-trening
    (til fots) tidleg på hausten. I oktober
    var skaden ute av verda, men så var eg så dum at eg tok ein 18 km springetur på
    asfalt. Dermed fekk eg einslags betennelse i kneet. Legerådet mot dette var to
    mnd utan å springe

    Hovudmålet 2017

    28- åringen frå Velledalen, med like gamle Kilian Jornet
    som idol, har funne ut at det er ultraløp i fjellterreng som vert hovudmål for
    satsinga framover.

     -

     Komande vinter har eg bestemt meg for å droppe
    Birken. I staden satsar eg på Stryn Rando 3000, som er randonee-NM. Dette går
    same helg som Birken. Vidare satsar eg anten på Salamon X-reid på Nordmøre
    eller Hornindal Rundt. Då det berre er ei veke mellom desse, vert det vanskeleg
    å få med seg begge. Og eg satsar på ny bestetid under Stranda Fjord Trail Race
    i august 2017.

    Lyst til mykje

    Tøffe konkurransar krev restitusjon. Kjell Magnar veit
    det. Men lysta til å utfordre seg sjølv er stor. Svært stor no som helsa er
    bra.

     -

     Lysta til å prøve meg på Sverre Gunnar sin
    sykkylvsrekord i Geiranger er stor, og
    eg brenn litt etter å prøve meg i ein heil maraton. Det må i så fall vere
    tidleg på året (mai) eller seint.

    Og Velledalen IL reknar med at vår fremste
    konkurranseutøvar stiller i Konradløpet og under Holmenkollstafetten?

     -

     Med litt farts-hjelp håper eg å kunne kome under
    15 minutt i Konradløpet. Holmenkollstafetten er kjekt og sosialt.

    Frå mørkret til
    lys

    Kjell Magnar sitt liv har gått frå det djupaste mørkret
    til det fagraste lys. Eit liv i passivitet er eit tilbakelagt stadium. Den nyvunne
    krafta hans viser seg å vere ei oppmuntring også for andre karar i dalen. Vi
    trur Kjell Magnar skal ha litt av æra for Ole Peder sin sensasjonelle debut i
    Geiranger, og Ove Magnus sin trimpost innsats; som den yngste «utøvaren» på ei
    topp-5 liste i 2016.

    Gløym ikkje at det var her Kjell Magnar restarta sitt liv
    – nærare bestemt på Vellesætra trimpost.

    Ferskvare: Praten med Kjell Magnar fann stad i Olagarden
    vesle juleaftan 2016

    Atle Jomar