God jul til Thorbjørn!
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Des 2016
Thorbjørn Hopland, kven er
det.….vil sikkert somme spørje. For å klargjere ein smule. Han er son av Gerd
Bolstad, som igjen vil seie at Kari og Jørgen Bolstad er besteforeldra på morssida. Og Solveig Hopland
– kunstnaren og viktig premieleverandør til Velledalen IL – er systra.
Vi fann Thorbjørn i lokala
han leiger på Lade – på folkemunn: Lafabrikken – der han held til med
bilpleiefirmaet sitt. No var han i innspurten mot jul, ei høgtid som skulle
feirast på heimleg grunn, på Hopland i Stryn kommune.
Kvifor ei ekstra helsing
til Thorbjørn…?
Velledalen IL har
tradisjon for å heidre personar som viser initiativ utover det normale for
sportslege aktivitetar. I 2016 kom det ei melding frå Thorbjørn, med spørsmål
om han kunne få lov til å starte opp med herretrim – innebandy må vite.
Sjølvsagt fekk han det. Eit tilbod som har utvikla seg til å bli populært, og
med stor deltaking både av menn og kvinner. Hittil har Velledalen IL betalt
husleiga, medan gruppa har halde seg med utstyr sjølve.
Velledalen IL ynskjer GOD
JUL og takkar Thorbjørn for aktivitets-tilskotet i 2016! Noko fleire andre kan
gjere om dei vil - gjennom Velledalen IL facebook.
PS. Over nyttår vert nye
treningstider lagt ut på nettsida. I løpet av januar kjem også Janne Tomtum i
gang med eit tilbod for kvinner i Velledalen grendahus – håper mange hiv seg
med der!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024