Lag påmeldt til Holmenkollstafetten

Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Des 2016

arkivfoto
Grunnen til den tidlege
påmeldinga er enkel. Til lenger ein venter til høgare vert startkontingenten.
Fyrste prishopp er ved årsskiftet. Og om nokon luren på kva påmeldingsavgifta
er, så er den over 3000 kroner ved tidleg-påmelding. Nær tusen kroner meir om
ein er seint ute.

Holmenkollstafetten vert
arrangert andre laurdagen i mai, som i 2017 skal bety 13.mai.

I år har stemninga vore
lodda for eit reint damelag, men responsen har vore liten. Dermed vert det som
i 2014, 2015 og 2016 – lag i klasse A1 – blandalag med fleirtal menn.

Som betyr at
friidrettsleiar Alf Petter Bøe vil trenge ca ti mannfolk og halvparten så mange
kvinner. Pluss/minus. Stafetten har 15 etappar, frå knappe 400 meter som den
kortaste, til knappe tre km som den lengste.

Velledalen IL deltok i
Holmenkollstafetten med reint herrelag i åra 1980, 1981, 1982, 1983 og 1984.
Nokre av desse åra hadde vi også reine damelag. Dette betyr at deltakinga i
2017 vert 9.gong totalt.

Siste åra har VIL si Oslo-avdeling
vore sentral i tilrettelegginga. Mellom anna behjelpelege med innkvartering,
henting av startnummer og stafettpinne, og organisering av felles måltid etter
stafetten. I fjor var Bondeheimen samlingsstad for Velledalen IL sitt lag. Ein
høveleg stad for eit lag der dei fleste har sitt opphav frå bondestanden – i alle
høve ein generasjon eller to tilbake i tid.

Alf Petter Bøe tek mot
interesse frå personar som alt er i form – eller vil kome i form – til andre
helga i mai.