Klubbmeteorolog Holmberg: - Snø julaftan!
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Des 2016
Holmberg sitt siste
varsel, frå oktober 2016, har blitt lagt merke til. Sjølv frå fagmiljøa har
Holmberg fått fagnad for sitt imponerande to-mnd-varsel han då sende ut.
Fullklaff er einaste ordet som dekkjer, og VIL ventar når som helst på spørsmål
om utlån av gartnaren til meteorologisk institutt. Ikkje for å stelle blomane
ved instituttet, men for å melde vêret!
Om vêret fram til jul,
spår Holmberg at det vert snølaust fram til julaftan. Men då kan mange sitt
ynskje om kvit jul likevel verte innfridd. Sjå Per-Gunnar sitt langtidsvarsel,
som gjeld ut 2016, i all si prakt her:
Nokon
har sakna snøen, andre ikkje. Det kan sjå ut for at det kjem snø på
julaftan. Kanskje ikkje vert det skiføre, men det ser ut som det vil kvite
på. Men seinare i romjula kan det vere mogleg å gå på ski.
Elles
verkar det som nyårshelga og starten på januar vil verte rimeleg kald.
Spådommane er usikre, så ikkje legg opp aktivitetar etter dette.
Per-Gunnar
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024