2.løp i Ålesund Vinterkarusell
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Des 2016
Laurdag vert altså 2.løp i
Ålesund Vinterkarusell arrangert med start klokka 15.00. Det er valfri
distanse, 5 km eller 10 km.
Velledalen IL var godt
representert i det fyrste løpet. Då sprang Svein Nakken, Sivert Mosby Nakken og
Andreas Mosby Nakken 5 km, medan Per Inge Bjørnestad sprang den doble
distansen. Det same gjorde friidrettsleiaren i Velledalen IL, Alf Petter Bøe,
men han representerer Rindal IL.
Kor mange frå VIL som
stiller komande laurdag veit vi ikkje i skrivande stund, men resultata vil kome
på nettsida i løpet av helga. Arrangøren ber deltakarane hugse refleksvest. Start
15.00 i eit snølaust landskap betyr eit løp i skyminga
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024