Ny triumf for Inger – flest turar og mest poeng
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Des 2016
Fyrste gong VIL kåra ein
trimpostvinnar var i 1991. Den gongen vann Per Steinar Linga, som då var 15 år.
Mest som ein sensasjon å rekne, målt etter kven som frekventerer postane i
2016. Året etter vann Konrad Brunstad, i ein alder av 82 år. Og han er den
eldste trimpostvinnaren vi har hatt. Som alle skjønar; spennvidda er stor! Men
etter 25 år i «bransjen» kan vi slå fast at det er kvinnene som dominerer, med
trioen Synnøve Kristoffersen, Inger Riksheim og Arnhild Linga som dei tre store.
Her er Inger Riksheim sine turar i 2016:
·
483 turar til
Bruna trimpost
·
11 turar til Dammen, Riksheimdalen
·
2 turar til Koppen
·
1 tur Vellesætra
Totalt skulle dette bli
497 turar og 3485 poeng
Årets siger var Inger sin
femte. Her får du år og poengsum:
·
2010: 3978 poeng
·
2013: 3208 poeng
·
2014: 3018 poeng
·
2015: 4022 poeng
·
2016: 3485 poeng
Men Inger sitt årsbeste resultat skriv seg frå 2011. Det var året
Vigdis Fure gjekk 687 turar og sette poengrekord med over 4800 poeng. Inger
noterte 4249 poeng på 2.plass dette året.
Topp-10 trimpostar Velledalen
IL 2016:
1.
Inger Riksheim – 497 turar – 3485 poeng
2.
Geir Olav Drabløs – 369 turar – 2551 poeng
3.
Solveig Olsen – 351 turar – 2440 poeng
4.
Arnhild Linga – 257 turar – 2128 poeng
5.
Ivar Arne Flo – 292 turar – 2044 poeng
6.
Kjell Olsen – 256 turar – 1792 poeng
7.
Linda K. Øye – 179 turar – 1599 poeng
8.
Elling Hole – 246 turar – 1596 poeng
9.
Ingrid Brudevoll – 343 turar – 1587 poeng
10.
Grethe R. Fet – 388 turar – 1576 poeng
Tunge gratulasjonar til Inger
– alle på Facebook bør prise hennar årelange innsats!!
PS: Ei siste påminning; Feil og protestar vert å melde
til statistikkførar Nils Terje Skylstad
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024