Kven hadde «Årets stunt» i 2016….?

Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Nov 2016

Det nærmar seg Idrettsgalla i Velledalen IL. Eit
høgdepunkt med ei rad prisutdelingar. Ein av prisane som skal delast ut er «Årets
stunt». Etter kvart har det vorte mange som jaktar nettopp denne prisen,
høgthengande som den er.

Men kva er eit «stunt», og vart det gjort slike på
1900-talet..? Ikkje veit vi, men vi vil tru somme meinte det var eit «stunt»
når Margit Fet heiv seg med i bygdameisterskapen i alpint i 1951, som den fyrste kvinne frå vårt lag.

Og det har sin gode grunn at vi nemnde Line Hole i
ingressen. På 1980-talet var ho ein periode kraftback på VRF sitt damelag. Utrena
var ho difor ikkje. Men nokon langrennsløpar…… nei, den idretten hadde ho ikkje
den heilt store sansen for, sjølv om broren, Roger, sysla i dei baner.

Nok om det. I samband
med Fjellsæterrunden ein eller anna gong på 1980-talet, var det ein kar som
sette pengar på at Line Hole ikkje greidde gå Fjellsæterrunden på 3 timar eller
mindre. Dette provoserte dama så kraftig at ho tok utfordringa på strak arm. Ho
skulle pinade vise dei!!

Vitast skal det at løypa på 1980-talet var meir krevjande
enn i dag. Den gjekk langt ned i Fasteindalen og langt opp i Røvsdalen. Og
sidebacken var heller ikkje spesielt heldig med vêr og føre.

Like før premieutdelinga i Velledalen grendahus kom ein
kar bort til meg å sa:

 -

 Ho klarte det!

Hugsar eg ikkje feil vart sluttida kring 2 timar og 40
minutt. Ho vann pengane, ho vann over seg sjølv, og vi må i all respekt rekne
ho som ei av dei fyrste stunt-kvinnene i Velledalen. Difor er det ikkje meir
enn rett og rimeleg heller, at ho alt
har sikra seg både hue og panneband frå Velledalen IL sin kolleksjon. Vi tippar
denne «skituren» for meir enn 30 år sidan sit som spikra i hugen – eller kva,
Line Hole…?

Stunta i vår tid
har vore av ein litt annan karakter. Som:


 ·
  
 Alle trimpostar på same dag


 ·
  
 Hornindal Rundt- 75 km, og knappe 6000
høgdemeter


 ·
  
 Sykle Noreg på langs


 ·
  
 På ski over Finnmarksvidda


 ·
  
 Fullføre heilmaraton utan tidlegare å ha sprunge
meir enn 10 km

Eller det kan vere «mildare stunt». Som å fullføre
Nibbeløpet i Geiranger med lite trening innanbords. Tøft nok det, berre spør
Ole-Peder.

Kandidatar til «Årets Stunt 2016» - og kandidatar til
andre prisar – kan leverast karane i priskomiteen: Nils Terje Skylstad, Alf
Petter Bøe eller Atle Jomar Hole.