«Kjols» på 6.plass på topp-10 trimpostar
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Nov 2016
Kjell Olsen har vore fast
inventar på topp-10 lista siste åra. I 2015 vart han nummer sju med 1706 poeng.
Dette året auka han til 1792 poeng og kraup opp på 6.plass.
Kjell er det ein kallar
spesialist. Det vil seie at han har alle turane til same post – Bruna trimpost
i Straumgjerde. Vi kan elles nemne om Kjell:
·
At han i yngre år var ein dyktig
handballspelar på IL Ringen
·
At han er ein
ivrig utøvar av jakt og fiske
·
At han er son av
VRF sin fyrste æresmedlem, Astrup Olsen
Slik ser nedre del av topp-10 lista «VIL trimpostar
2016» ut:
6. Kjell Olsen – 256 turar
– 1792 poeng
7. Linda K. Øye – 179 turar
– 1599 poeng
8. Elling Hole – 246 turar
– 1596 poeng
9. Ingrid Brudevoll – 343 turar
– 1587 poeng
10. Grethe Fet – 388 turar
– 1576 poeng
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024