Klubbjakker til veteranar

Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Nov 2016

VIL har både huer,
panneband, klubbjakker, bukser og vestar i den nye kolleksjonen. Fleire skreiv
seg på lista under messa, og ikkje overraskande var klubbjakker det mest
populære produktet.

Det som derimot var litt
overraskande, var alderen på dei som skreiv seg på. Det var ikkje yngre folk.
Og ikkje dei middelaldrande. Men det var faktisk superveteranane. Og det var ei
glede for laget å få supertrioen Olaf Einar Øien, Einar Magne Fet og Bård Per
Erstad på lista. Alle tre godt over 70 år. Alle tre med lange, gode aktive
karrierer bak seg. Slike veteranar set vi pris på.

Utstyret er no tinga frå
produsenten og vi håper ha det i hus til jul. Potensielt «heite» julegåver for
den som måtte vere interessert.