Lag til Holmenkollstafetten 2017

Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Nov 2016

Siste tre åra har
Velledalen IL hatt med lag i Holmenkollstafetten. Alle åra eit blandingslag i
klasse A1. Som er ei blanding av kvinner og menn med «fleirtal av menn» som det
heiter. Laget vårt har vorte premiert kvart år etter gode plasseringa i ei
klasse med kring 1500 lag

Alle år har
friidrettsleiar i Velledalen, Alf Petter Bøe, hatt god hjelp av VIL si «Oslo-avdeling»,
som har ordna både med deltakarar, overnatting, henting av startnummer og ei
sosial samling etter løpet (i fjor på Bondeheimen – midt i blinken for VIL).

Grunnen til at det er
viktig med tidleg påmelding, er at deltakaravgifta stig til lenger ein ventar.
Løpsdatoen plar vere andre helga i mai, som ofte kolliderer med konfirmasjon i
Sykkylven.

Løparar som ynskjer bli
med på laget må gjerne melde frå til friidrettsleiar Alf Petter Bøe. Stafetten
har 15 etappar, og vi treng utøvarar av begge kjønn.