Myrdalsfjellet sin bestekompis på plass nummer 8
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Nov 2016
arkivfoto
I fjor glapp Elling ut av denne lista med relativt liten margin. I år
ville han tilbake, og han kom tilbake. Basisen i Elling sin sterke sesong er
132 signeringar i boka på Myrdalsfjellet, som åleine gir 1320 poeng. Men det er
tøft mellom toppane. Så tøft at hadde Elling gitt seg på 129 turar, hadde han
vore ute av topp-10 også dette året.
Elles er Elling sterk i
Holemarka der han har 111 turar, og han har sveipa innom postar som
Brustadsætra, Brunstadkølen og Holetindane. Alt oppsummert har Elling Hole
gjort sine 1596 poeng i løpet av 246 turar
Vi tek og med at Elling
vann postane på Myrdalsfjellt og i Holemarka i 2016, og vil få fagnad for det
under VIL sin Idrettsgalla fredag 6. januar 2017
Dei beste poengsamlarane i 2016:
8. Elling Ivar Hole – 246 turar
– 1596 poeng
9. Ingrid Brudevoll – 343 turar
– 1587 poeng
10. Grethe Ramstad Fet - 388 – 1576 poeng
Resten av lista kjem etter
kvart
Meld inn protestar til Nils Terje Skylstad
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024