Kule-suksess for Ildri i skulecupen

Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Nov 2016

Nyleg var alle dei beste
sunnmøringane i aksjon i skulecupen i friidrett i Ulsteinvik. Gulrota for dei
beste var plass i fylkesfinalen våren 2017.

Og det er ei glede å kunne
gratulere VIL-medlem, Ildri Bøe, med plass i denne finalen. Ho vann nemleg
finalen i kule med eit lengste-støt på 9,15 meter (3 kg kule). Det var hard
kniving mellom dei beste i klassa vert det meldt, men denne gongen drog Ildri
det lengste strået. Ildri deltok også i lengde, og det same gjorde VIL-medlem
Johanne Hjortdal.

VIL-Nett gratulerer
jentene med fin innsats, og vil gjerne ha meldt inn fleire resultat om det var andre
ungdomar frå nedslagsfeltet vårt i aksjon i Ulsteinvik.