Ivar Arne held koken – 292 turar i Riksheimdalen
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Nov 2016
arkivfoto
Ivar Arne er ikkje god å
vippe av pinnen på denne posten. Han er stabilt sterk – kvart einaste år. 264
turar i 2015 vart til 292 i 2017. Også Renathe R. Oldeide og Torill-Anne Lie
Aurvåg er stabile. Som i fjor kom desse to damene nærast Ivar. Tidlegare
samanlagtvinnar av trimpostane, Bård Per Erstad, gjorde eit sterkt comeback med
4.plass. Han vippa svigerinna, Anne-Lise Erstad, ein plass ned.
Her er namna på dei ivrigaste til turmålet i
Riksheimdalen 2016:
292 turar: Ivar Arne Flo
125 turar: Renathe R.
Oldeide
110 turar: Torill-Anne Lie
Aurvåg
92 turar: Bård Per Erstad
84 turar: Anne-Lise Erstad
Riksheimdalen trimpost fire siste år:
2013: 1759 noteringar
2014: 1958
2015: 1629
2016: 1680
Som ein ser ein liten
framgang i høve til fjoråret, men eit stykke opp til 2014-nivå
Trimpostane rangert etter besøk i 2016:
3. Dammen Riksheimdalen
1680 – Ivar Arne Flo
4. Vellesætra 1591 – Geir Olav
Drabløs
5. Sætreelva Holemarka
1184 – Elling Ivar Hole
6. Skogsvegen Fet 1088 - Grethe Fet
7. Skogsvegen Hjorthol 1021 – Anita Hjorthol
8. Myrdalsfjellet 849 – Elling Ivar Hole
9. Koppen 708 – Åge Vanebo
10. Skogsvegen Drabløs 627 – Annlaug Lervåg
11. Regndalen 483 – Geir Olav Drabløs
12. Hytta Brunstadkølen 403 – Frode Linga
13. Holetindane 163 – Nils Terje Skylstad
14. Høgsætra Fet 104 – Per Svein Fet
Trimpostvinnarar etter kjønn i 2016:
Kvinner – Menn 3 - 9
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024