Vinterkarusellen i Ålesund
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Nov 2016
Bilete frå Kondis
Svein
Nakken og gutane sprang godt og fekk gode tider på 5 km. Svein hadde ein vond
rygg før løpet, men han stilte til start og gjennomførte på ei god tid.
Spesielt kjekt at tvillingane til Svein stiller på!!
Alf
Petter hadde som mål å kome under 40 min på 10km. Det gjorde han med god
margin. Alf har verkeleg trent godt, og han kom imål i underkant av 39 min.
Sterk løp av Alf. Han sprang ilag med Martin H Nilsen under nesten heile løpet.
Alf lot Martin få springe først over målstreken av dei to
.
Berre nokre små sekund som skilde på tidene.
Underteikna
hadde som mål å kome i mål på ei tid rundt 37,30. Tida eg hadde i fjor på
tilsvarande løp var 37,43. Men, i år var det motvind på dei siste 5km (etter
vending), og det gjorde nok sitt til at tida blei 37,44. På det jamne altså,
tida i fjor og tida i år
.
Are Uran
spring jamnt og med sterke tider heile året. Han fekk kom inn på ein fin 3.
plass.
sjå også link her
av
Per Inge
Bjørnestad
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024