Makelaus sluttspurt av Frode på «Kølen»

Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Okt 2016

« Den evige toar» er det
noko som heiter på idrettsspråket. Linda Kristin Øye kjenner seg kanskje som
ein slik, etter at ho ikkje kunne stå mot Frode Linga sin sluttspurt på
trimposten Brunstadkølen.

I fjor vann Veronika
Ulriksen denne posten med 25 turar, føre Linda Øye på 21. I år hadde Linda
bestemt seg:


 -  Denne posten
skulle ho ta!

Og det såg lenge lyst ut.
Heilt til Frode melde seg på kampen for alvor. Sjølv om Linda meir enn dobla
doseringa til heile 51 turar, måtte ho bite i berget for Frode sine 54. Mor til
Frode, Arnhild, auka frå 20 til 30 turar, medan Veronika Ulriksen tydelegvis
sver til stø kurs: 25 turar i 2015 og 25 turar i 2016!

Topp-5 Brunstadkølen 2016:

54 turar: Frode Linga

51 turar: Linda Kristin
Øye

30 turar: Arnhild Linga

25 turar: Veronika
Ulriksen

11 turar: Arnt Brunstad

Brunstadkølen siste fire år:

2013: 225 noteringar

2014: 243

2015: 270

2016: 403

Ein fin tendens!

Postrangering 2016:

12. Hytta Brunstadkølen
403 noteringar

13. Holetindane 163

14. Høgsætra Fet 104

Trimpostvinnarar etter kjønn:

Kvinner – Menn 0-3