Ny dagløype knytt saman med lysløypa

Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Okt 2016

Skifolket bur seg på at Drabløs-stølsvegen
før eller seinare kjem til å bli brøyta vinterstid. Difor er eksisterande
lysløype knytt saman med ei dag-løype. Deler av denne løypa blir teken i bruk
alt denne vinteren. Terje Aurdal har vore primus motor for prosjektet, og med
godvilje frå sentrale grunneigarar, vart den maskinelle delen gjort no i
oktober. Nokre høge tuer og tre-røter vart fjerna i overgangen mellom den
eksisterande løypa og nytt terreng.

Som mange har fått med seg,
har Møre og Romsdal sin lokale vêrprofet, Ivar Hol, stått fram i Sunnmørsposten
og sagt at det blir dårleg med snø før jul. Håpet var i november, men ikkje dei
store mengdene. Ikkje mykje å bry seg om, den mannen har bomma før, tenkte nok
mange.

Men når Velledalen IL sin eigen klubb-meteorolog,
Per-Gunnar Holmberg, går ut å støttar Hol vert saka straks meir alvorleg.
Holmberg har ikkje fullbomma på eit langtidsvarsel på 17 månader. Begge «ekspertane»
spår altså trått føre fram mot nyttår, og dette er spådomar som ikkje er
baserte på rognebær, om nokon måtte tru det