Hedda ny VIL-ambassadør i Oslo

Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Okt 2016

Velledalen IL har ei sterk
Oslo-avdeling. Ingen tvil om det. Sterkast viser dette i samband med deltakinga
i Holmenkoll-stafetten siste åra. Og vi har heller ikkje gløymt Oslo-Konrad,
der Hilde Riksheim Tandstad har vore primus motor.

Talet på VIL-klubbjakker i
Oslo-regionen er veksande. Siste skot på denne stammen er Hedda Hjortdal. Ho
var ein av deltakarane på Team Hjortdal som hadde etappe ned Fasteindalen under
Ramstaddalsløpet sist laurdag. Under dette løpet var det mange klubbjakker å
sjå, og Hedda hadde ymta frampå til faren, Jon, at ei slik kunne ho ha tenkt
seg. Det vart ordna i ein fei. Kvinnetrioen som no ber VIL-jakker i hovudstaden
lyder namna: Hedda, Hilde og Ellen.

Om kort tid vert det gjort
eit suppleringkjøp, då vi er lens for storleikar i S og M for begge kjønn, i
tillegg til dei fleste barnestorleikar. Meld frå til Atle Hole, eller
gruppeleiarane Torje Bjørneseth, Svein Arne Nakken, Alf Petter Bøe eller
Pernille Ibsen Lervåg
  . Burde vere
framifrå
  julegåver, og vi minner om
medlemsprisane:

Junior Jakke: Kr 450,-

Jakke Vaksen: Kr 600,-

Bukse Vaksen: Kr 450,-

Vest Vaksen: Kr 450,-

Hue: Kr 200,-

Panneband: Kr 150,-