Paul – ein unik mann!!
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Okt 2016
Uansett kva ein syslar med
er det viktig med ein god start. Difor vel ein eksempelvis startmannen i
stafettar med omhug. I Ramstaddalsløpet har Paul Hole hatt denne oppgåva dei
siste åra. Og for å spole litt tilbake:
Paul vart Velledalen IL
sin fyrste KM vinnar nokon sinne då han i 1949 vann 1500 meter for junior. Han
har delteke i samtlege Konradløp (15 i talet) og så godt som alle
Fjellsæterrundar so har vore arrangert (over 30) i trimklassa.
Laurdag frakta han stafettpinnen
i Ramstaddalsløpet frå Brunstad til Hjorthol. Paul, som vert 87 i desember,
starta i lett jogg. Då han møtte VIL-Nett sin utsende slo han av til rask gange
og sa:
- Forma er ikkje
all verda lenger.
- Åh, det er ikkje
mange på din alder som hadde «matcha» dette, svara vi.
- Nei, eg skal
ikkje klage
Kort tid etter hadde Paul
lagt pinnen i handa på langt yngre, Sevrin Hjorthol, som hadde selskap av
bestefar Svein. Vi fekk ikkje spurt Paul om hans forhold til Ramstaddalsløpet
denne gongen, men vi veit om lag kva svaret hadde vorte. Kanskje slik:
- Å du veit; eg har
kone frå Ramstaddalen, så her er eg mest forplikta til å delta.
Og på ein fin oktober
sundags morgon i 2016, sitjande i Olagarden på Hole, er det på plass med ein
honnør til ALLE dei uthaldande. Mellom desse Paul og Magnhild. Som i over 60
år, i gode og vanskelege dagar, har halde saman. Utan Magnhild ved sida av seg,
hadde ikkje Velledalen IL sin æresmeldlem Paul, vore av det kaliber han er – er
vi ganske så visse på.
Vi nemner i same rennet at
to dagar før løpet, var Paul Hole på plass på Dalemyra. Der «avla» han positiv
prøve – til idrettsmerket vel og merke – for 53. gong i ein alder av snart 87
år!!
PS.
I same
slengen nemner vi at Grethe Ramstad Fet tok prøve nummer 51, medan ektemannen
Odd-Kåre nærmar seg 50. Også dei to deltok i Ramstaddalsløpet – og ja, Grethe
har slektsskapsband frå Ramstaddalen.
PS 2:
Velledalen IL er takksame for å få hauste fruktene av lange og gode samliv.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024