Pinnen brukte 4.00.44 på rundturen i 2016.
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Okt 2016
Vêret var prima og
innsatsen like eins gjennom den drygt 50 kilometer lange løypa. Paul Hole, som
snart fyller 87, fekk æra av å ta opningsetappen. Det greidde KM-vinnaren på
1500 meter for junior i året 1949 med glans. Etter ein distanse på kring 500
meter leverte han pinnen til langt yngre Sevrin Hjorthol, som i sin tur leverte
til Team Holmberg ved Sophia Johanne Holmberg.
Deretter gjekk det slag i
slag til Anders Brunstad Leirmo fekk æra av å krysse mållina ved Joker
Velledalen. Då sa klokka til Alf Petter Bøe i fylgjebilen 44 sekund over fire
timar.
KONKLUSJON:
Ein lett jobb delt på 55 utøvarar, som ville vore tung for dei fleste om dei
skulle gjort det åleine. Og vi vil tru dei arrangerande gruppene, langrenn og
friidrett, likte deltakarspennet: små born – tenåringar – vaksne i
foreldrerolla – spreke pensjonistar både i 70- og 80 åra.
Etter løpet var det
samling i Velledalen grendahus sin kjellarsal til marsipankake, saft og kaffi.
TAKK FOR INNSATSEN ALLE
SAMAN !!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024