Velledalen Naturbarnehage nytta også løypa

Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Okt 2016

Det har vorte ein vane at
det kjem «etterdønningar» i etterkant av VIL sine O-løp, noko vi sjølvsagt set
pris på. Dei to avdelingane Geita og Råna ved Velledalen Naturbarnehage, med
totalt 24 born, gjennomførte Småtroll-løypa i fin stil to dagar etter sesongens
siste offisielle O-løp i VIL-regi. I ei melding frå barnehagen heiter det at
desse borna er 2-5 år, at dei synte stor iver, og at dei synest det er kjekt å
kunne nytte løype og kart når dei fyrst var sette ut.


 -  Tusen takk for
lånet av kart og løyper. Vi vil gjerne vere med på fleire opplegg til våren og
er behjelpeleg med å plukke ned løyper om det trengst, heiter det vidare frå
barnehagen.

Leiar i O-gruppa, Pernille
Ibsen Lervåg, har kvittert på denne måten gjennom ein e-post til barnehagen:


 -  Takk for hjelpa
med å ta ned postane!