Suksess for Per Inge i Østremsætra Opp
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Okt 2016
arkivfoto
Østremsætra Opp på
Emblemsfjellet vart arrangert laurdag 1. oktober med god deltaking. 14 kvinner
og 47 herrar kom til mål. I tillegg deltok mange i turmarsjen med start frå
Emblem skole. All inntekt gjekk til Røde Kors sitt viktige arbeid.
Resultat kvinner:
1.
Tonje Brande, Ålesund, 30.34
2.
Linda Hovde, Ålesund 31.42
3.
Iren Nordal, Midsund IL, 31.57
Radka Vosicka
sprang på 34.55, som heldt til flott 6.plass totalt og 3. plass i klasse 35-39
år.
Oddfrid Liaskar vart totalt
nummer 14 på 44.44 – klassevinnar i klasse 60-64 år.
Resultat herrar:
1.
Håkon Stavik, Ålesund FIK, 25.14
2.
Ludvik Vartdal, Emblem IL, 25.33
3.
Jan Ketil Vinnes, Kondis, 26.07
Per Inge Bjørnestad,
Velledalen IL, tok ein kvass 5. plass av 47 deltakarar på tida 26.58.
Ei tid som heldt til 2. plass i klasse 45-49 år.
Per Inge skriv i ein
kommentar til VIL-Nett at det gjekk tungt, men at han er godt nøgd med
innsatsen.
Og det har han god grunn til. No når det
går mot slutten av sesongen, kan vi slå fast at Per Inge har hatt ein
kanonsesong i klasse 45-49 år i 2016 !
Grundig treningsarbeid vil som regel betale seg - idrettsvener i VIL gratulerer!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024