3. og 4. plass i Torvikbukt Rundt

Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Sep 2016

arkivfoto
Tradisjonsrike Torvikbukt
Rundt er 13,5 km langt og vart arrangert for 44. gong. Konkurranse- og
mosjonsklassa samle totalt 45 deltakarar. I tillegg kunne ein velje trimklasse
utan tidtaking som eit lavterskel-alternativ.

Beste herretid – og totalvinnar
i løpet - vart Truls Torvik, IL Varden,
med tida 49.50. Vår eigen friidrettsleiar, Alf Petter Bøe, brukte 55.54 i
klasse 40-49 år. Noko som heldt til fjerde plass, med ei kilometertid i
underkant av 4.09. Absolutt godkjent av ein 49-åring. Olaf Einar Øien tok ein
sterk 3. plass i klasse 70+ med tida 1.18.59, og kunne reise heim med
pengepremie.

Ann Kristin Amundsen,
Norodd IL, hadde beste kvinnetid på 59.16. Vi nemner òg at premien til beste
5-mannslag gjekk til arrangørklubben, Torvikbukt IL