Oslo Maraton Hjartestans på nært hald
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Sep 2016
I mars vart er 60 år.
Startnummer har eg ikkje hatt på brystet på 18 år. Familien meinte eg trong eit
come back, og melde meg på til «10 for Grete» i Oslo. Ti kilometer til ære for
løpardronninga Grete Waitz, avliden av kreft for nokre år sidan, måtte eg vel
greie.
Eg vart innlosjert i eit
Thon-hotell i gangavstand frå der dotter mi, Ellen Marie, bur i Kirkeveien.
Løpsdagen kom, med vêr av slikt slag vi på Sunnmøre ville omtala som ein
framifrå sommardag – den 17. september.
Klokka 09.00 om morgonen
starta maraton-løparane på sine 42 195 meter som talde som NM i maraton. At
det vert tøft mot slutten er ganske normalt. Gular-løparen, Kjersti Fresvik,
låg an til bronse i kvinneklassa. Men 25 meter før mål kunne vi sjå på TV-
skjermen at ho heilt utmatta gjekk «ned». Jenta som vann Hellesyltløpet i 2015,
og som eg hadde snakka med der, måtte kapitulere.
Men det skulle bli verre.
Vi stod langs gjerdet, 25 meter før mållina, og venta på at Ellen Marie skulle
cruise i mål på sin halvmaraton, då det fatale skjedde. Klokka var kring 15.15,
sola steikte, og det heile hende lynande
fort. Ein mann på kring 50 år kjem mot mål på halvmaraton i tilsynelatande grei
form. Brått dreier han mot gjerde på motsett side av der vi står og fell som
ein tomsekk i bakken. Det går fem sekund – ingenting skjer. Så hoppar ein mann
like ved over gjerde og roper på helsepersonell med mål. Ein einsleg person
kjem gåande. Han legg personen i sideleie og byrjar leite etter puls. Han ropar
på forsterkingar. Så kjem den eine etter den andre. På 7-8 meters avstand ser
vi dei startar hjartekompressjon med hendene. Bestemte harde trykk. Responsen
uteblir. Dei ropar på hjartestartar.
Nye folk og hjartestartaren
kjem. Det går sikkert 2-3 minutt til denne vert brukt. 6-7 helsepersonell
jobbar med mannen, medan ei løypevakt «styrer» løparane unna. Alle kastar
blikket mot situasjonen. Spurten vert avlyst hos dei fleste.
Personleg
hadde eg sett nok. Eg veit ikkje korleis det gjekk med mannen. Saka har ikkje
vore omtala i pressa.
Overlevde han, gjorde han det fordi han hadde
englevakt denne dagen. Fordi han kollapsa 25 meter frå mål og 25 meter frå
helsepersonell med kvalifisert utstyr. Alle er i så fall ikkje like heldige.
Timen etter er eg sjølv i
gang med mine 10 000 meter til ære for Grete Waitz. Utrena og overvektig.
Ei einsleg svale frå vesle Velledalen i selskap med 4800 andre. Klart flest
kvinner. Nivået er så behageleg mellom alle dameropene at ein saktespringane 60-åring gløymde det fælslege han hadde sett timen før.
Tanken på at dette måtte vere ei sælebot for alle ungkarar slo meg. Sluttida på
56.53 seier det meste om den fysiske forma, at 60-åringen vart nummer 1791 av
4800 startande seier det meste om nivået.
PS. Eg var ikkje heilt
einsleg frå Velledalen. Den utflytte Knuttausa, Eli Hole, gjorde ein fin figur i same løp med sterk
plassering i klasse 55-59 år.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024