Njål dagens mann i Oslo sist laurdag

Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Sep 2016

Ei gigantmønstring er over
med fire VIL-medlemar på startstrek, i tillegg til eit «skred» av utflytte
velledalingar og sympatisørar

Oslo Maraton 2016 samla
slik deltaking:

Maraton (42 195 m):
2399 delt.

Halvmaraton: 8007 delt.

10 for Grete (10 000 meter)
4798 delt.

3 for Alle (3000 meter) 598 delt.

Rullestol: 8 delt

Desse tala skulle gi eit
samla deltakartal på 15 810, mindre enn både i 2014 og 2015, men likevel
evig nok.

Då Kjell Magnar Berli
valde å utsett sin debut på heil maraton, var Njål Torillson Tyssing tvillaust
mannen å satse på. I sitt andre maraton gjekk han frisk ut. Målet om ei
slutt-tid på under tre timar, levde både klart og bjart etter kvart som «tyssingen»
la meterane bak seg. Men han fekk det litt på slutten, men ikkje verre enn at
vi kan gratulere med 2.57.47 – ei tid berre Sverre Gunnar Brunstad og Einar Fet
har straffa av VIL-medlemar tidlegare.

Njål vart elles direkte-intervjua på NRK
etter løpet. Eit stålande intervju, der han greidde ut om løpet og brystvortene,
som hadde fått køyrt seg med blødningar i
løpet av dei knappe tre timane det heile stod på.

Njål si fart under løpet:

0-5 km
 : Snittfart på
4.12 pr. km

5-10 km:
  4.00 pr km

10-15 km:
  4.04 pr. km

15-20 km:
  4.03 pr km

20-Halvm:
  4.00 pr km

Halvm-25 km:
  4.05 pr. km

25-30 km:
  4.09 pr km

30-35 km:
  4.17 pr km

35-40 km:
  4.38 pr. km

40-Mål:
  4.59 pr km

Med denne flotte prestasjonen vart Njål nummer 25 av 624 startande i
klasse 24-34 år

Øvrige VIL-resultat:

Ellen Marie Hole nr 42 av 151 i klasse D 22-23 år på halvmaraton. Tid:
1.54.26

Anders Wigdahl nr 42 av 452 i klasse 24-34 år i 10 for Grete Tid: 40.16

Atle Hole nr 35 av 74 i klasse 60-64 år i 10 for Grete: Tid 56.53