Dagens jubilant: Frode Linga
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Sep 2016
Frode Linga går under
kategorien utflytt velledaling, men heldigvis er han ein mann som held opphavet
sitt høgt. Han er ofte i Velledalen, og for dei som ikkje veit det, kjempar han
for tida ein intens kamp.
Og det er eit kvinnfolk
han duellerer mot. Både Frode og Linda Øye har passert 40 turar på trimposten
på Brunstadkølen denne sesongen (ny årsrekord). Bokbytet og sesongslutt nærmar
seg med stormskritt, i skrivande stund kring tre veker fram i tid. Det vert
kanskje som i symjesporten; den som er heldigast med innslaget vinn.
Frode er elles observert
fleire gonger i Velledalen som familiemann leitande etter O-gruppa sine
orienteringspostar. All denne trimmen gjer at Frode lettnar. Så kven veit - kanskje får vi sjå han att på fotballbana. I velmaktsdagane var han ein dugande
fotballspelar. Minnest ikkje om han hadde glanstida i VRF eller FKS. Han skaut
ballane både i mål og ut i periferien. Det siste nyt han sikkert godt av som
orienteringsløpar. Dei seier det skal vere ein fordel å kjenne terrenget.
Idrettsvener i Velledalen
IL set pris på alle som aukar treningsdosane. Slik Frode Linga har gjort siste
tida.
Vi
gratulerer med 40 års dagen, og ynskjer lukke til med resten av 2016-sesongen!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024