Brubyggjaren fyller 70 år 10. sept

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Sep 2016

På ein normal skisundag i
Ladalen, der du går på «bortoverski», går du truleg over fleire skibruer. Dei
er ikkje lett synlege, somme av dei ikkje synlege i det heile, vinterstid. Men
heretter kan du tenkje på det; utan desse bruene hadde løypenettet både titt og
ofte vore uframkomeleg – og det er lokale personar som har gjort jobben, mellom
desse i høgste grad Torgeir Sevald Vikstad. Det er vel rett å seie at Torgeir
har vore skifolket sin fagperson på bruer i Ladalen. Fagmann i ord og gjerning,
men han skriv ikkje ut fagmanns-prisar!

Men ikkje berre i Ladalen.
Torgeir likar brubyggjing, og var i sitt ess då han i spann med Håkon Fedt feia
opp ei bru over Juvelva i samband med Dalaråsa. Han har ved to høve fått fagnad
for arbeidet sitt under VIL sine idrettsgallaar.

Elles kan vi kalle Torgeir
Sevald for «småaksjonær» i nysporten; orientering. I alle fall er han bestefar
til ein trio ivrige små-orienterarar, med dei spenstige namna: Solan, Viking og
Fride. Og han er svigerfar til Anne Grete Nordal med styreverv i O-gruppa.

Velledalen IL sender gode
tankar til Torgeir på dagen, og vi oppmodar lesarane til å gjere det same,
neste gong dei tek seg over ei skibru – anten det er sommar eller vinter.