Sørkedalsløpet.
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Sep 2016
Njål: Etter målgang. Sjekkar sveisen umiddelbart
. Terrengløpet har i mange år tiltrekt seg ei rad solide
utøvarar, og har generelt sett eit høgt nivå, med god hjelp av dei mange store
klubbane i Oslo-området. Sånn sett var VIL i klart mindretal, men med tanke på
medlemsmassen, så er det ganske bra likevel.
Njål Tyssing gjorde eit solid løp, og kom inn på 49:13
(06:37 bak vinnar), noko som heldt til ein 28.plass. Særleg er det verdt å
merke seg at tidligare komikar Nils Ingar Aadne, som no er blitt
toppidrettsutøvar på heiltid, og representerar langløpslaget BN Bank, kom inn
på 33.plass. Sterkt! Anders Wigdahl kom inn på 59:20, etter ei planlagt
kontrollert gjennomkjøring. Ellen Marie Hole kom inn på 1:10:06, noko som heldt
til ein 38.plass i si klasse (23-34 år). Dette må seiast å vere godkjent av VIL
sine representantar.
Sørkedalsløpet har to løyper, 11km og 3km. 11km (som alle
tre utøvarane til VIL gjennomførte), består av 9,5km i skiløyper, og resten er
ei god blanding av myr, kuperte stiar og nokre knallharde kneiker.
Under følgjer ein kommentar til dagens løp frå dei tre
løparane, samt deira tankar om det komande Oslo Maraton-arrangementet, der alle
tre igjen skal i aksjon.
Njål: Veldig flott løp i Løvenskiold sin skog i Sørkedalen.
Tørre og fine stiar å springe på. Det passar bra for gamle karar med litt
tyngde å drasse på. Var med i fjor, så klok av skade haldt eg eit jamt og passe
hardt tempo heile vegen. Eller oppvarmingstempoet til Kjell Magnar om du vil.
Forma er bra for Oslo Maraton. Så lenge eg ikkje blir
forkjøla eller sjuk, så trur eg under tre timar bør gå bra. Sjølv om eg må
perse med 12 min.
Anders: Planen var å ha en kontrollert gjennomgjøring, uten
å gå i kjelleren.
Vært på
kanten til overtrening de siste ukene, og dermed tatt det litt rolig i en
periode nå. Sånn sett var det viktigste å få kroppen i gang igjen og få en god
treningsøkt, som på sett og vis markerer starten på høst-bolken min. Likevel
skuffende jeg ikke var med når Njål delte ut bank til komiker/skiløper Nils
Ingar Aadne, og det hadde vært gøy og hengt på det toget. Neste år!
Kroppen
kjentes ganske bra ut, men må ha noen solide økter før jeg løper 10km på Oslo
Maraton-arrangementet den 17.september. Håper å komme under 38 minutter her,
forhåpentligvis kan Atle Hole bidra med drahjelp.
Ellen:
Først og fremst eit veldig flott og imponerande arrangement, og svært nøgd med
god oppvartning etter målgang. Såg tungt på å ta fatt på løpet før start, etter
eit seigt testløp av løypa sist veke. Men med god kniving av ein eldre
kar 60+ gjennom heile løpet gjekk det overraskande lett, sett bort i frå at eg
vart sittande fast i eit gjørmehøl.
Kroppen har verkeleg fått testa grenser i det siste, med
prøvespel for fotballaget Frigg, futsal-laget til OSI, langrennsgruppa til OSI.
Spesielt langrennsgruppa har utfordra meg med nokre monsterøkter på 3 timar. Så
overskudd er nok ei mangelvare for tida. Håpar likevel at eg kan forbetre tida
på Oslo halvmaraton frå i fjor, noko som bør vere overkommeleg sidan det tross
alt var min debut.
Harald Welle deltok også, med tida var
1.09.46.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024