Ny triumf for spreke-Olaf

Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Aug 2016

arkivfoto
Nordvest Maraton på Hareid
samla få deltakarar laurdag. Vinnartidene var heller ikkje skremande sterke.
Med 3.17.43 vart Alex Scherz beste herreløpar. Beste kvinne var ikkje langt bak,
Louise Skak noterte nemleg 3.20.51

Deltakinga var langt betre
på den halve distansen. Og her hadde Velledalen IL, friidrett, med evigune Olaf
Øien. 73-åringen feia inn til 2.10.30 i klasse 70+. I denne klassa vart Per
Gundersen nummer to med 2.24.31

Joachim Tranvåg, Rindal IL, hadde beste
herretid på fine 1.20.21, medan Britt Skuset gjorde 1.52.15 som beste kvinne.

VIL-Nett gratulerer Olaf
med triumfen!