O-gruppa fyrer opp til haustsesongen
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Aug 2016
Merete Masdal i Velledalen
IL si O-gruppe deltok denne veka i eit treningsløp på Emblem. Dermed fekk ho testa deler av løypenettet som vart
nytta under stormønstringa Fjord-O i sommar. Som ein ser av fotoet kan ikkje
ein o-løpar vere redd for å bli skiten og våt på føtene. Her er det berre å «plumpe
uti».
Gløym heller ikkje sundag
28. august. Då er det nytt familie O-løp på Dalemyra med base i Velledalen
grendahus. Vi kjem med meir informasjon om dette, men håper alle er sugne på
ein ørliten test etter sommarferien.
Elles kom det i dag ei
gledeleg melding frå gruppe-leiar Pernille. Ho fortel at Emblem sin glitrande
gode junior-VM –deltakar, Ingrid Lundanes, kjem til bygda på synfaring. I
fyrste omgang Velledalen og Straumgjerde. Rykta seier at fyrste dag vert
komande fredag. Ingrid er syster til enno meir kjende Olav Lundanes, mange
gonger verdsmeister i o-løp.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024