Er du klar for herretrim…?
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Aug 2016

Takka vere eit initiativ
frå Torbjørn Hopland er det no klart for ny runde med herretrim i Velledalen
grendahus. Vil har søkt om – og fått stadfesta – onsdag kveld og laurdag
ettermiddag som treningsdagar. Tanken til initiativtakaren er at inne-bandy
skal vere hovudaktivitet.
Alle som er medlemar i
laget kan delta. Er ein ikkje medlem i dag, kan ein bli for ein rimeleg penge.
200 kroner for ein vaksen for eitt år(400 for familie). Då betalar Velledalen
IL husleiga og det er høve til ein dusj etter kvar trening.
Laurdagane må herretrimmen
vike plass for andre arrangement, om det skal vere slike i salen, vert det
presisert til VIL-Nett.
Dato for opp-starten vert
kunngjort nærare når denne er klar, så følg med på nettsida!
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024