Robert Sogge sin Skåla-rekord vil overleve
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Aug 2016
Robert Sogge har beste
sykkylvs-tida i det 8,2 kilometer lange løpet med over 1800 høgdemeter
stigning. Rekordtida til Sogge er 1.26.46. Ei tid Kjell Magnar Berli var fast
bestemt på å slette laurdag 13. august 2016.
Men den gong ei. I starten
av veka drog det seg til med nordavind og snøvêr i høgda. Så mykje at
arrangøren ikkje tok sjansen på at løparane skulle heilt til toppen. I
skrivande stund er 1008 påmelde i konkurranseklassa og knappe 500 i mosjon. Det
er ikkje akkurat små menneskemengder som skal opp – og ned.
Det betyr at Kjell Magnar Berli si bestetid på 1.27.49 vil leve minst
til 2017.
Like eins Robert Sogge sin
sykkylvs-rekord. Vi har tidlegare presentert ei oversikt over lokale
påmeldingar. I løpet av laurdag ettermiddag/kveld veit vi korleis dei ulike
gjorde det. Lokale resultat finn du på VIL-Nett.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024