Saudehornet rett opp komande laurdag
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Aug 2016
arkivfoto
Saudehornet Rett Opp i
Ørsta er inne i sitt andre tiår som motbakkeløp. Her spring ein frå tareblad
til tinderad, i fylgje arrangørane. 1303 høgdemeter i løpet 5,5 kilometer må
kallast solid stigning. Løpet har start 11.00 (konkurranseklassa) laurdag
6.august.
Det du sikkert ikkje
visste om dette løpet er at både Nils Terje Skylstad og Kjell Magnar Berli har
gjort betre tid enn Petter Northug jr. Nokre utvalde tider frå tidlegare år:
47.59: Jon Tvedt (løyperekord herrar 2007)
55.52: Anita Håkenstad
(løyperekord kvinner 2005)
1.00.26: Kjell Magnar Berli – VIL-rekord (2015)
1.01.22: Nils Terje
Skylstad si bestetid (2005)
1.01.54: Petter Northug jr
(2006)
Northug deltok i 2006, då
Saudehornet Rett Opp var NM i motbakkeløp. Northug jr. vart nummer to i klasse
20-22 år den gongen.
I skrivande stund veit vi
ikkje kven som stiller frå Velledalen IL. Nils stiller nok ikkje, men vi trur
at Kjell Magnar har ambisjonar om å sette ny VIL-rekord. Under time-grensa vil
vere eit naturleg mål under middels gode forhold.
Saudehornet Rett Opp er eit samarbeid mellom:
Naturfestivalen
Ørsta IL, langrenn &
friidrett
Ørsta Røde Kors
Ørsta Reiselivslag
Resultata får du på
VIL-Nett laurdag kveld
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024