Den nye VIL-kolleksjonen på plass

Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Jul 2016

O-gruppa sine nye drakter
kom akkurat tidsnok til stormønstringa Fjord-O på Emblem. I går kom
overtrekksdrakter, bukser, huer og panneband. Fargane i produkta er identiske
med O-gruppa sine fargar.

Vi har enno ikkje fått dei
endelege prisane frå leverandøren, men leverer ut til personar som har tinga på
førehand. Dei kan møte fram i Ola-garden på Hole og hente utstyret sitt, så får
dei betale når endeleg pris er fastsett.

Vi nyttar høvet til å
takke sponsorane: Gjensidige Sykkylven, Hole Maskiner og Sport 1/Focus Sport.

PS: Det vert høve til
ettertinging for personar som ikkje alt har gjort det. Og det vil bli to prisar
på alle produkt – ein medlemspris, og litt meir for ikkje-medlemar.