Åge har grepet om Koppen
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Jul 2016
Dei fleste som går til
Koppen trimpost startar på Hjorthol. Då kan ein om ein vil få med to ekstrapoeng
i skogsvegen Hjorthol, før ein tek av mot Koppen. Ikkje spesielt langt skreiv
vi, men det er bratt. Ein skal ha gode kne om ein tek jamlege vitjar denne
posten.
I 2015 var det rekordlite
som skilde dei to beste på Koppen trimpost. Då hadde Anita Hjorthol 41 turar,
mot Ingrid Brudevoll sine 40. I fjor heldt det med 13 turar for ei topp-5
plassering, noko det neppe vil gjere denne sesongen, då Alf Petter Bøe på femte
plass alt er oppe i 11.
Velledalen IL sin meldar var på Koppen laurdag 23.juli.
Då var stoda slik:
61 turar: Åge Vanebo
51 turar: Anita Hjorthol
34 turar: Ingrid Brudevoll
12 turar. Eldrid Myhre
11 turar. Alf Petter Bøe
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024