Takk for alt til Dalemyra-kiosken (1975-2016)!

Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Jul 2016

Dalemyra stadion vart opna
sommaren 1971. Alt før den tid var det drøftingar i møtebøkene om ulike
alternativ. Eit knapt år etter, i oktober 1971, kan ein lese fylgjande:


 -  Kjell Fet skal
teikne eit forslag til kiosk. Denne kiosken skal stå fast på staden. Den framre
delen av kiosken skal vere til sal, medan bakre del skal tene som lager til
brus og reiskap. Styret fekk i oppgåve å få fortgang i dette, slik at ein
eventuelt kunne få setje opp kiosken før sommaren – om alle formalitetar vart i
orden.

Dette var vel og bra. Men
det vart ingen kiosk til sommaren 1972. Ikkje i 1973 eller 1974 heller. Men i
1975 kom vidunderet. I årsmeldinga for 1975 skriv leiar Edvard Hole slik:


 -  Kiosken er snart
ferdig. Det manglar måling innvendig og eit strøk beis utvendig. Beis fekk vi
gratis frå Skandia Kjemiske i Oslo. Når det gjeld inntekta på kiosken så kunne
denne vore litt større, men på grunn av at alle kampar vart spela i veka vert
frammøtet så mykje mindre, og dette gjer seg sjølvsagt utslag på salet.

I dag forlet kiosken
Dalemyra – etter 41 år på staden. Mange rike år vart avløyst av magre mot
slutten. Kiosken leid mest same lagnaden som klubben den skulle tene, klubben
den elska mest – VRF!

Takk til Bolla; Odd-Kåre,
Helge Oskarson, Oddbjørn Velle med fleire, som gjorde slutt på lidingane. Eit
fylgje på kring ti personar fylgde siste ferda.

Minnast i kjærleik!