-VIL under ti timar i Hornindal Rundt

Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Jul 2016

27-åringen,
som bur på grensa mellom Brunstad og Hole i Velledalen, har fått skikk på helsa
etter mange plager i yngre år. Han driv i ein annan divisjon enn andre sunnmøringar
når det gjeld ultraløp. I 2014 debuterte han i «Hornindal Rundt» med delt 7.
plass på tida 12.25.12. Ei tid som var Sunnmøre-rekord fram til 9.juli 2016. Då
gjorde han sitt andre løp med fantastiske 10.31.05 som resultat. Nest beste
mannlege utøvar frå Sunnmøre var Robert Vatsaas, Volda Trakkarlag, med
12.58.59.


 -  Kvifor denne framgangen, Kjell Magnar?


 -  Truleg
mest fordi eg i treningsarbeidet har nytta lange skiturar på 10-12 timar på
randonee-ski. Eksempelvis frå Brunstad til Vellesætra over Gullmorbreen til
Patchellhytta, vidare til nordre Smørskredtind, så til Slogen og tilbake til
Vellesætra.


 -  Andre faktorar du vil nemne?

-Eg har blitt betre i nedoverbakke.
Går eg ein roleg tur opp på Holetindane, plar eg springe ned att så fort eg
greier. Samstundes prøver eg få inn mellom 5000-7000 høgdemeter i treninga kvar
veke. Faktisk ofte meir om vinteren.

- Rykta seier du også trenar
på Ikornnes Idrettspark?

-Det stemmer. Stort sett ei økt kvar veke. Anten spring eg 5x1 km, der
kvart drag går på 3.20 eller under, eller eg kan springe 10x1 km. Då går kvart
drag mellom 3.30-3.40. Dette gjer eg for å ha litt tempo i kroppen.

-Kva med skadar?

-Det har det vore lite av - i alle fall siste året. Trenar ein mykje,
er det viktig å variere treninga for å unngå skadar. Eg vekslar mellom sykkel,
ski, rulleski og løp. Var tidlegare litt plaga med beinhinnebetennelse, men no
veit eg korleis eg skal unngå det. Stikkordet er tøying.

-
  Kva var målet før NM-løpet i
Hornindal?
   

-Eg visste det kom mange gode sidan det var NM. Målet var ei topp-10
plassering og få ei slutt-tid under tolv timar, så langt ned på 11-talet som
mogleg.

-Og strategien før start?

Eg hadde bestemt meg for å prøve fylgje damevinnaren frå i fjor, Malene
Blikken Haukøy. Ho visste eg var god, då berre herrevinnaren slo henne i 2015. Slo
eg henne, trudde eg måla mine for løpet ville bli oppfylde.


 -  Slo taktikken
til?


 -  He, he. Eg var før henne heile tida, men ho var hakk
i hæl på meg somme tider. Men det vart vel meir slik at ho hang på meg enn eg
på henne. Dessutan hadde ho eit par hjelparar som stadig vekk var å sjå ute i
løypa.

-
  Dine hjelparar, var dei mange?

Nei, eg greidde meg sjølv heile vegen. Arrangøren har ein stasjon etter
halvt løp der vi får tilgang på ein ekstra sekk, og der vi får servert mat og
drikke om vi vil.

-Korleis er opningsfarta i
eit slikt løp?

-Eg sjekka det, og på den fyrste flate kilometeren brukte eg så vidt
over fire minutt.

-Og pulsen, kvar i lendet
ligg den?

Sjølv har eg ein maks-puls på 194. Pulsen var høgast tidleg i løpet, så
stabiliserte den seg raskt på kring 80 prosent av maks, der den stort sett ligg
i eit slikt løp.

Løpet starta frå Grodås sentrum klokka 08.00 om morgonen med over 400
på startstrek. Fram til klokka 13.00 hadde utøvarane opphaldsvêr, men då opna
alle sluser seg. Kjell Magnar passerte einaste mat- og drikkestasjonen på fire
timar og 50 minutt, altså før regnet kom. Alt der låg han 30 minutt føre
passeringstida frå 2014.
  Om forholda
siste del seier han fylgjande:


 -  Det vart sjølvsagt vått og kaldt i regnbygene. I
tillegg var det vind, og mest sludd på høgste punktet (over 1300 meter). Somme
stader vart det farleg glatt. Eg hadde to byger – temmeleg langvarige - i løpet
av mitt løp. Dei som brukte lenger tid hadde det nok verre.

-Kor mykje drikk du under ei
slik kraftprøve?

-Personleg drikk eg om lag tre liter. Somme drikk sikkert meir, dette
varierer frå pertson til person.

-Og mat?

-Ja, kunsten er å ikkje gå nærings-tom. Eg har i meg ulike gel-produkt,
gjerne av den raskt-verkande sorten mot slutten av løpet. Mat i vanleg forstand
et eg ikkje. Men eg brukar «måltid-erstattar» i drikkeform, og det fungerer for
meg.

Vi snakka med Kjell Magnar dagen etter løpet, og venta å finne ein mann
som knapt nok fota seg. Men der tok vi feil.

-
  Korleis kjennest kroppen?

-Overraskande fin. Eg er stiv i leggane og frykta krampe i natt, men
fekk ingen.

-Kor lenge kviler du på
laurbæra etter eit slikt løp?

-Nei, eg kviler ikkje lenge. Eg kviler vel i dag (sundag), så vert det
roleg trening på sykkel og rulleski. Spring igjen gjer eg neppe før fredag 15.
juli.

Kjell Magnar Berli har vorte ein allsidig idrettsmann. Tilboda er
mange. Det er så mykje han har lyst å prøve.

-Kva er planane i næraste
framtid?

-No står tilboda i kø. Det fyrste blir vel Mefjellet Opp med start i
Fjørå. Saudehornet Opp i Ørsta er litt usikkert, og truleg deltek eg i Skåla
Opp. Vidare skal eg heilt sikkert ha med meg Stranda Fjord Trail Race nest
siste helga i august. Og kanskje vert det Oslo Maraton til hausten. Har aldri
sprunge eit «vanleg» maraton enno. Til vinteren vil eg prøve meg litt i
randonee-konkurransar

-Men til slutt Kjell Magnar;
har du eit mål over alle andre mål i ditt indre?

-Det må vere å greie Hornindal Rundt på under ti timar